Takk for alle gode minner, Guro? Eg vil for alltid hugse deg som flott,, omsorgsfull og god som gull?
Ei fantastisk dame er gått burt. Eg minnest deg mest frå tida i Helselaget. Då eg og du var reiseledare på busstur til Sverige, med pensjonistar. I Elverum vart det bråstopp, då me "mista" ein mann. Mannen kom tilrette i Halden. Ein uforgløymeleg tur. Og mannekengoppvisningar på Velferdssenteret. Stappfullt hus, og du var konferansier. Me stilte i borgartoget 17.mai under fana til Helselaget. Vassgrauten til Bjørg, på Goldagen og i 1995 under frigjeringsdagen, serverte me prinsesse Ragnhild, Erling Lorentzen og dottera småmat og lefsekling. Også det på Helselagsstugu. Dette er noko som Helselaget stod for, og som du stillte opp for, i mange år. Takk for gode minne, Guro og kvil i fred. Olveig.
Takk for alle gode minner kjære syste
Gode minner på Stølsrock med Bjørn Eidsvåg i 2022
Takk for alle fine minner, tante️?
Ei flink og kjekk dame er gått bort.
Vår medkjensle i sorga.
Finaste tante️❤️ Tusen takk for alle gode og fine minner! Tusen takk for at du tok meg med til frisøren for hol i øyrene når eg var 5 år (STOR stas), og fekk lov te å «jåle meg» med neglelakk når eg var på overnattingsbesøk, sjøl om mamsen synes det kanskje var noko tidleg med slikt? Du vil bli sakna!
?Så er du reist Guro️tenker tilbake med glede på alle koselige år helt i fra vi var små i foldeskjørt og sløyfe i håret vi har hatt mange glade stunder både på Hovda om sommeren, Tubbehaugen og Brenna vi var gode søskenbarn og venninner pynta oss og var jålete bydamer, gode minner siste gang vi var sammen var like før påske da kjente du meg ikke igjen, nå er du borte for alltid men du blir aldri glemt fred over ditt minne.
Tusen takk tante for alt det artige vi har opplevd sammen. Du var alltid blid og vi har ledd mye over en kaffekopp med dine gode kaker. Det skal bli fint å tenke tilbake på nå som du er borte for alltid️.
Jeg har mange fine minner av en koselig og blid tante.️Det var alltid så hyggelig å besøke dere på Gol og i Lien.
Hvil i fred tante Guro.
Gode mor!
Eg minnest tida før alt blei vanskeleg og du måtte ha hjelp. Den tida då du hadde baka og vi kosa oss med kaker og kaffi.
Eg minnest tida før kveldane blei einsame og tida då de to var ankeret for våre tre.
Eg minnest då dagane var travlare, men de likevel hadde tid når vi meinte vi var travlast. Tida då de ga omsorg og varme til dei små som var enda varmare.
Eg minnest tida når eg leita og før eg fann den eine. Tida då de ga trøst og støtte når høgtidene var fylt av kjensler og einsemd.
Eg minnest tida då alt var i endring og eg ikkje visste vegen. Tida då de varsomt leda veg med visdom og ro.
Eg minnest tida då mørket var skumlare. Tida då du var lyset og ga tryggheit, men eg likevel ikkje ville sleppe handa.
Eg minnest tida då alt var leik og moro, sjølv om det var søle og regn. Den tida då vi kvar morgo, før kvar trening og kamp, var like fine og pynta på grunn av deg.
Eg minnest ikkje tida før alt dette, men veit likevel at du var der og ga meg all di tid....
Vi skulle hatt så mykje meir tid......
Din godhet og latter satt alltid løst.
Glad for alle minnene vi fikk i lag
Hvil i fred Kjære Guro
Varme tanker til dere alle. Hilsen fra Laila.
Våre varmeste tanker til dere i sorgen etter Guros bortgang!
Varme tanker går til dere alle
Takk for godt naboskap.
Kvil i fred tante?
En siste hilsen fra gamle naboen
Vi lyser fred over Guro's minne
Kondolerer
Kvil i fred!
Takk for godt samarbeid i tidligare foreningsliv. Kvil i fred.