Jølstad Hallingdal Gravferdsbyrå
Jølstad Hallingdal Gravferdsbyrå
  • English  English
  • Norsk  Norsk
  • Svenska  Svenska
  • Dansk  Dansk
  • Nederlands  Nederlands
  • Hjem
  • Til byråets hjemmeside
  • Om
  • Vilkår
  • Privacy policy
  • Cookie policy
  •   Administrator innlogging
Meny
Gå til hjemmesiden
  • Hjem
  • Bestill blomster
  • Gi en minnegave
  • Om begravelsen
  • Dødsannonse
  • Galleri
  • Del
  • Portal


    Ola L. Luksengard

    Født 16. august 1927
    Død 6. desember 2022


    Minneord

    Minneord frå Lars, Gunn Berit, Embrik og May Jorunn
    2022-12-18

    Kjære far!

    Så står me her. Me visste at ein dag måtte det skje.
    Fyrst og fremst er me glade og takknemlege for at me har fått ha deg med oss fullt og heilt i så mange år. Samtidig hadde du både livskraft og livsglede. Slik sett skulle me gjerne hatt deg med endå litt til.
    For oss fire har du alltid vore den lune og trygge, den interesserte, den kloke og omtenksame. Ein far som med åra fekk eit stadig større spekter å spele på; som i tillegg til alltid å hjelpe til og stille opp, vart meir og meir oppteke av å ta vare på kvarandre. Bry seg. Og ikkje minst gje uttrykk for alt det gode med alle du møtte på din veg.
    Far voks opp i Vats, på eit lite bureisingsbruk nedved fjorden, i lag med ein bror og fem systrer. Det var nok trongt, men også livleg. Me gløymer aldri historia om då du sat på sparken, gjekk gjennom isen, og gommo la seg på alle fire og fekk tak i deg tide. Den dagen berga ho mykje.
    Som alle stader den tida lærte du tidleg å arbeide. Far var i tenest, på Dusegard og i Øylin. Rett etter konfirmasjon, medan han var på Dusegard, fekk han oppdraget og ansvaret med å køyre telefonstolpar innover fjellet med hest, stolpar som skulle brukast ute i terrenget til kraftutbygging.
    Ein fekk tidleg prøve seg, den tida.
    Slik lærte du å arbeide. Anten det var gardsarbeid, bygging av nytt hus, skogsarbeid eller vedhogst, var du seig. Du sluntra aldri unna. Jobben skulle gjerast, grundig og godt. Då betydde ikkje timane eller dagslyset noko.
    Du var også glad i å lære. Tanken var nok å gå vidare på skule etter folkehøgskuleår på Voss men du valde i staden å bli i bygde. Du møtte ei jente frå Leveld, «ei fornuftig jente, på alle vis» som du uttrykte det. Saman med mor begynte du som gardbrukar på Skjervheim i Sando. Der treivst de i lag, og fekk eit livslangt venskap med dei gode naboane i Søbben.
    Så fekk de spørsmål om de ville forpakte Nødre Dokk i Leveld. Det vart starten på mange fine år, med kyr på båsen, etter kvart fire ungar i hus, og med nye gode naboar. Det var lite eigedomsgrenser mellom Gudbrandsgard og Dokk-gardane, både for dikko vaksne og oss ungane.
    Seinare vart det meir enn 20 arbeidsår ved Ål Hyttebygg. Også der leverte du, kvar einaste dag, stolt over å bidra til det som har vore ein moderne klassikar i over 50 år.
    Du la ned ein stor innsats då de bygde nytt hus, etter å ha fått kjøpe tomt av Grefsheim. Det vart også starten på fine år med godt naboskap der. De tippa i lag, de møttest over grinde, de hadde det kjekt.
    Det var ikkje tilfeldig, ingen mistreivst i lag med deg, far.
    Me fire har alle våre spesielle minne; Lars minnest sumrane i Dokk med hesjing og hardt arbeid. Han fekk vera med å lære å jobbe bli glad i å arbeide. Du dreiv gard på gamlemåten der hesten Raua tok det tyngste taket de jobba så godt saman. Du fortalte ofte med stor respekt om Raua.
    Eg gløymer aldri dei fyrste fisketurane med deg i Hello. Fire år var eg. Bilete av deg og meg på steinen ved tjødne vil alltid ha ein heidersplass på veggen. Liknande fiskebit som i øs pøs regnvêr i Hello har eg aldri opplevd.
    Seinare vart me ein langrennsduo. Du som smørar og sekundant. Det hende me tok skalpen tå både ålingar og geilingar. Då var me stolte, begge to. Det var denne tida du og gjekk i bresjen for lysløypa i Leveld og la ned eit stort arbeid for å bygd ho. Og du var sjølv aktiv gjekk mange turrenn.
    Det høyrest kanskje utruleg ut, men eg kan aldri hugse det var noko ugreie mellom deg far og nokon av uss. Med eitt lite unntak. Det var då Leeds slo Barcelona i semifinalen i europacupen våren 1975. Gunn Berit og eg heldt med Barcelona, far med Leeds sjølvsagt. Då Billy Bremner drog det heile i land, gjekk det over styr for Gunn Berit og meg. Me vart både høgrøysta og ufine, og vart med rette sendt på rommet av ein tydeleg far. Det var den einaste gongen
    ---
    Pappa var friluftsmann. Han fekk med seg gode opplevingar som gjetar i Fødalen.
    Å legge ut på lange turar sommar som vinter var det store. Helst berre med eit par brødskiver i lomma. Då var du i ditt ess. Me har alle høyrd historia då du gjekk skarvelangs, og la att sokkane du ville turke medan du rasta. Men matpapir kan også nyttast i sko, fann du ut, til og med når det var ei mil eller to att av turen
    Slik sett skulle ein tru det vart ein stor nedtur då du rundt pensjonsalder fekk konstatert polynevropati, ein sjukdom som gjorde føtene gradvis svakare. Men du hadde sterk vilje og gav deg ikkje. Du fekk med deg ein ekspedisjon i Jotunheimen saman med Magne nabo og Embrik i Øyno.
    Og me gløymer ikkje 80-årsdagen din då du gjekk inn og ut til Iungsdalen. Der hadde me ein fin dag der du delte mange gode minne om tida i Fødalen.
    Likevel du fekk ikkje alle langturane du sikkert hadde drøymt om då du vart pensjonist. Men tru meg - me høyrde aldri eit negativt ord eller ein klage.
    I staden opplevde me ein pappa som sette meir og meir pris på alt det gode rundt seg og som virkeleg såg andre. Som fekk eit nært forhold til alle barnebarn og oldebarn kvar og ein. Som såg verdien av å gje utrykk for det du synest er bra og som gjorde det.
    Det var også du pappa som tok ansvaret då helsa til mamma vart svakare. Du skaffa det som trengdest i huset og overtok ansvaret på kjøkkenet. Me ser deg for oss der du sat på stolen framfor komfyren og laga middag. Slik var det dei siste åra på Fjellhaug, og slik var det då de saman flytta ned i leilegheiten i Uppigarden. Du stod løpet ut og du gav alt for mamma.
    Me fekk oppleve mykje fint i lag. Noko av det eg tenkjer på er då du og mamma, etter lang bearbeiding, vågde dikko opp i fly og vart med på ferieturar til Syden og til Sør-Frankrike. Eg hugsar godt fyrste turen, då me kom fram og me gjekk ut på verandaen, såg utover havet og du sa: «Eg trudde alder eg skulle får oppleve dette». Me fekk mange fine minne og opplevelsar på alle turane som kom, og som me i seinare tid kunne ta fram, mimre og glede uss over.
    Her heime tok de dikko bilturar, gjerne til fjells, i lag med naboar og andre som ikkje sjølv køyrde bil. Eller i lag med oss. Også dei par siste åra tok me fjellturar i blant. Då koste du deg, over det du såg og opplevde, gjerne med fin musikk i bilen. Då måtte me alltid høyre «Fagert er landet» og «Amazing Grace» blant anna.
    Opp gjennom åra var du og mamma alltid på plass når ungane våre deltok i idrett, skulearrangement, gommo-og-goffadag eller andre aktivitetar. Det var heilt sjølvsagt. Her vart absolutt alle sett.
    I blant lurte me på om de ikkje vart slitne av lange dagar med familiesamankomstar av ulike slag. «Nei, me berre sita her me», brukte de svare. Det var tydeleg at de var glad for å vera saman og få vera med.
    Opp gjennom alle år var det kjekt for uss å ha med vener heim. Og det skjedde ganske ofte. Det var som regel ikkje avtalt, men likevel tok de alltid imot og syns det var kjekt. Hjå dikko var det alltid open heim.
    Du pappa likte song og muskk, og du likte å møtast. Syng med oss på Kårstugu var eit høgdepunkt i viku. Då kom gjerne kjente og andre nordbygdinga bort og helste på, noko du sette stor pris på. Me må også nemne dei hjartelege møta mellom deg og han Ivar Bråten. De delte middagsbord i Uppigarden, og de delte gleda over song og musikk. Han spelte trekkspel, du song. Me ser det for oss der de sat på rommet i lag og song «Den fyrste song eg høyra fekk».
    På musikkanlegget ditt høyrde du blant anna på Vamp og Bjøro Håland. Og sjølvsagt Sangen til bygda, då strålte du! Ein hyllest til naturen, bygda og det å leva saman med dei ein har kjær. Du høyrde Anne-Marie Kvien framføre songen på Storefjell ein gong. Etterpå vart du borte for oss, før me oppdaga deg i prat med Anne-Marie. Ein artist med tårer i augo, rørt over dei gode orda dine om kva sangen hennes hadde betydd for deg.
    Tida i Uppigarden og etter kvart på sjukeheimen vart fin. Mamma og du fekk tre år i Uppigarden, så fekk du to etter det. Me tok deg med på trilleturar elvelangs og i sentrum. På Kafe Tid var det kjekt å stoppe; der trefte du som regel kjente. Farsdagen for ein månads tid sidan feira me i lag med asiatisk mat på Sundre.
    Sjølvsagt vil alle aller helst greie seg sjølv heime, men det høyrde me aldri prat om. Derimot møtte me ein pappa som var oppdatert på det store ute i verda, på politikken her til lands, på sport og kultur. Som hadde gode analysar av det som skjer rundt oss, ikkje opphengt i ein måte å tenkje på. Du var open for ulike syn og du gjennomskua mang ein politikar.
    Me møtte aldri ein som var oppteken av at alt var så mykje betre før. Du var med i notida.
    Og ikkje minst var du med i livet til alle oss nærmaste, ungane dine, barnebarna og oldebarna. Interessert og nysgjerrig. Med gode, lune kommentarar, treffande, og med eit glimt i auga .
    Slik fekk me ha deg til du var meir enn 95 år.
    Når det er slik, skulle me gjerne hatt deg med endå nokre år. Du var nok klar for det, du og. På den eine sida. Samtidig kjente du at kreftene vart svakare. Du ante nok kva retning det gjekk. I haust begynte du å takke oss i handa då me gjekk
    Vandringsvegen var komen til endes.
    Me er så utruleg glad for at du var den du var, for det du gav oss heilt fram til her me står i dag.
    Takk, pappa.
    Takk for det forbildet du har vore for uss.
    Me skal gjera det me kan for å føre kjærleiken og livsvisdomen din vidare!

    Minneord frå barnebarn, av Maj Britt og Signe
    2022-12-18

    Kjære Goffa!

    Korleis skal me klare oss utan deg? Kven skal me snu oss til når me står i vanskelege valg? Og kven skal me komma til for å prate om livet?
    Du ville smilt litt beskjedent av slike spørsmål, vridd hue ditt litt til sidan og sagt med eit lite smil at Nei, det må no berre gå bra, detta kjem du til å klare.
    Me barnebarn har kunne kome til deg med alt. Klaging over strenge foreldre, kjærleikssorg, hemlegheiter og med spørsmål. Og du har alltid lytta, trøysta men aldri meint for mykje. Du har gitt oss lune og forsiktige råd, og så latt oss velge sjølv. Og når me har trådd feil eller gjort noko dumt har du alltid vore der som ei tryggheit om at alt kjem til å gå bra. Det er vanskeleg å beskrive, men det varme blikket ditt gav ein følelse av å bli sett, akseptert og satt pris på.
    Å koma til deg har alltid vore kjekt og spennande. Me har vore imponert av korleis du har henge med i tida og vore oppdatert i det som rører seg i verden. Politikk, debattar, handballresultat og korleis det står til med oss alle. Du har vore engasjert og sett kor enkel av oss, ja me har alle følt oss litt spesielle hjå deg.
    Og du følger opp med spørsmål som viser at du tenkjer på oss heile vegen. Alle me barnebarn har prioritert å stikke innom deg og Gommo i Leveld, eller no dei siste nede på Sundre hjå deg. Ingen av oss har gjort det på grunn av plikt, men av lyst. Det seier eigentleg ganske mykje om deg. Det har vore godt å vera med deg.
    Då me var små stod du bøygd over jordbæråkeren. Solbrun som ein italiener. Me jobba hardt med solinga, men hadde ikkje ein sjanse mot deg på verandaen. Inne venta det alltid ein is eller ein liten ladebete, det er faktisk litt rart at du som var slik ein søtmoms ikkje likte sjokolade dei siste åra. Akkurat det hadde me aldri trudd.
    Du har vore klok, men aldri bedrevitande. Roleg, sindig og behageleg å vera rundt og nysgjerrig på menneske og psykologi. Du sa ein gong at du kjende deg som verdas rikaste mann, som hadde alle oss rundt deg og at rikdom var å ta vare på kvarandre. Du viste alltid omsorg for andre og sa aldri eit vondt ord om nokon. Og så hadde du ein veldig god sans for humor og ein veldig smittande latter. Og når du starta å le, da kunne det vera vanskeleg å stoppe.
    Me har så mange gode minne med deg, Goffa. Fisketurar, fjellturar, sydenturar. Vri åtter og eit slag gris. Korleis du stabla all veden og ikkje gav deg før alt var under tak. Dei fine bilturane med Gommo og deg, der rastestoppa med respatexbord, campingstolar og Gommokaku alltid var med - men også at du og Gommo ikkje alltid var heilt einige, men alltid hadde respekt for kvarandre og eit glimt i auga. Som då de kvar jul diskuterte kva som var best av Fager er jordi og Deilig er jorden. Det er sjølvsagt at det er bokmålversjonen me skal synge for deg i dag.
    Takk for alt du har lært oss og vist oss, og tryggheita me har fått av deg. Me savnar deg veldig.

    Helsing frå Beate, Kjersti, Maj Britt, Jonas, Jørgen, Signe, Eirik, Ragnhild, Ima Marie, Elisabeth, Anna, Johannes og Mathias

    Signe Seim
    2022-12-10
    Minneord

    Takk for langt venskap og gode minne.

    Eva
    2022-12-07
    Minneord

    Takk for alle gode og fine minner Ola


    Tente lys

    Marthe Andersen
    2022-12-19
    Ola Brattegard
    2022-12-17
    Helena Espegard
    2022-12-16
    Målfrid Haugen
    2022-12-15
    Solveig Elisabeth og Odd Harald Skogstad
    2022-12-15
    Guri O Feten
    2022-12-15
    Solbjørg og Tor Bergum
    2022-12-15
    Arne Myksvoll og Gro Kvåle
    2022-12-15
    Gjermund, Kari Viljar og Vårin
    2022-12-15
    Johanne Seim
    2022-12-15
    Bente Vekseth
    2022-12-13
    Bjørg og Bjarne
    2022-12-13
    Ingebjørg Lilleland
    2022-12-13
    SYnneve Marie og Oddvar
    2022-12-13
    Hege.
    2022-12-12
    Alf Egil Arnegård
    2022-12-12
    Kari og Per
    2022-12-12
    Knut Seim
    2022-12-12
    Kari, Viel og Anne Ribberud
    2022-12-11
    Marit Øen Li
    2022-12-11
    Gunnhild og Hilde Løkensgard Bjørnsvik
    2022-12-11
    Ann Beate Øyre Bjørnsen
    2022-12-11
    Ragnhild Luksengard
    2022-12-11
    Ingrid og Ole Tor
    2022-12-10
    Målfrid Bergaplass Anderson
    2022-12-10
    Irene og Asbjørn
    2022-12-10
    Gunnbjørg og Leif
    2022-12-10
    Knut Lappegard
    2022-12-10
    Odd Einar og Elisabeth N Mortensen
    2022-12-10
    Inger Svendsen
    2022-12-10
    Rebekka og Anders
    2022-12-10
    Ingfrid
    2022-12-10
    Bjørg og Ola Feten
    2022-12-10
    Mona Strendo
    2022-12-10
    Haugar Nordli
    2022-12-10
    Gro Hovelsås
    2022-12-10
    Varme tanker til dere! Wenche Kvalvågnes
    2022-12-10
    Hanne Cecilie + oj
    2022-12-10
    Unn Gulbrandsen
    2022-12-10
    NilsM
    2022-12-10
    Varme tankar frå Oddrun og Jon Ola Bergaplass med familie
    2022-12-10
    Anette Pløen
    2022-12-10
    Hege Nordli Hovelsås
    2022-12-10
    Mette
    2022-12-10
    Birgit Bråten
    2022-12-10
    Åshild Johansen
    2022-12-10
    Astrid og Sigvat
    2022-12-10
    Solomon.
    2022-12-10
    Einar oleivsgard
    2022-12-10
    Oddgeir
    2022-12-10
    Synnøve Oleivsgard
    2022-12-10
    Margit Bergaplass
    2022-12-10
    Laila Svendsen 🌹
    2022-12-10
    Sølvi Ekse Jensen
    2022-12-10
    Signe Seim
    2022-12-10
    Marit Seim
    2022-12-10
    Arild Luksengard
    2022-12-10
    Anna Huseby
    2022-12-10
    Ola Terje Oleivsgard
    2022-12-10
    Iris Tangeraas
    2022-12-10
    Vebjørn Hagen
    2022-12-10
    Gudveig og Oddvar
    2022-12-10
    Torbjørn Gunhildgard
    2022-12-10
    Berit og Per Knut Buseth
    2022-12-09
    Torill Kvalvågnes
    2022-12-08
    Herborg
    2022-12-08
    Bjørg Fluto
    2022-12-08
    Tore Arnegard
    2022-12-08
    Anne Lise Øyre.
    2022-12-08
    Ann Kristin og Per Ove
    2022-12-08
    Solveig og Hallgrim
    2022-12-07
    Eva og Jan
    2022-12-07
    Oddveig og Bjørnar Bergaplass
    2022-12-07
    Kjersti❤️
    2022-12-06
    Jølstad Hallingdal Gravferdsbyrå
    2022-12-06

    • Share in Facebook
    • Copy link
    • Send to mail