Informasjon

Sigbjørn Tormodsgard

  • 26.08.1944 - 01.08.2022

Min kjære og umistelege Sigbjørn, vår omsorgsfulle og kloke far og svigerfar, vår gode goffa, har gått bort

Om kvelden mandag den 1. august sovna vår kjære og umistelege far stille inn på Ål Helsesenter. Han vart nesten 78 år. Far har vore alt det me kunne ynskje oss - og meir til. Med far har mamma mista sin beste venn og livsledsager, og me har mista ein kjær og unik far og svigerfar. Åtte barnebarn har mista ein god goffa. Og blant fire brør som stod kvarandre nær er den eldste no gått bort. Det er uverkeleg. Far hadde slite med helsa i mange år. At han no er borte kom likevel brått. Sorga er stor, men like stor er takksemda. Takksemda over å ha hatt solide og fine far i livet vårt. Han var ei klippe, og stod for verdiar og haldningar me ynsker å ta med oss og leve opp til. Far var alltid positiv, i alt og uansett. Hans styrke og pågangsmot ser me opp til og vil me aldri gløyme. Svak helse gjorde at kvardagen ikkje alltid var enkel. Men far var aldri motlaus. Tvert imot. Far sa alltid at han hadde det bra, og at han var tilfreds. Det var typisk far, og gjorde det enklare for oss næraste. Far var gjennom heile yrkeslivet aktiv i journalistikken. Han var opptatt av godt språk. Og han var opptatt av gode historier. Helst dei nære, frå Hallingdal. Far var redaktør i Hallingdølen i 22 år. Det var ei tid med rivande utvikling. Det er frå andre sagt at han var ein god, engasjert og effektiv leiar. Det er me trygge på at er riktig. For slik var far. Far slutta aldri å bry seg om avisa, og han var til det siste interessert i korleis Hallingdølen vart styrt og utvikla seg. Dei seinare åra var far særleg opptatt av lokalhistorie. Han var ansvarleg for utgjeving av sju bøker om Gamle Hallingdal. Deretter, og samen med sin gode ven Olav Oppsato, vart det fem bøker om Gamle Aal. For far var dette arbeidet givande og meiningsfullt. Det gjorde at han fekk høve til å nytte den gode pennen også etter at han var ute av journalistikken, og han fekk være ute og treffe folk. Me er takksame for at Olav og far fant samen om, og gjennomførte, det flotte bokprosjektet. Dei to utgjorde eit svært godt lag. Heilt til det aller siste sette far familien høgt og først. Han var ein mild, reflektert og klok far. Ein far me kunne spørre om råd, og som hadde gode svar. Saklege og nøkterne. Fars meningar hadde stor tyngde. Mot barnebarna var far ein snill og omtenksam goffa. Ein goffa som, så lenge han makta, deltok i leik, kortspel og diskusjoner, ofte om fotball. Alltid med stort engasjement. For mamma var far alt. Slik mamma var for han. Far er eit stort førebilete. Me er så glad i, og saknar han, masse.

Om begravelsen til Sigbjørn Tormodsgard 

Ål kyrkje


Adresse til begravelsesseremonien

Ål kyrkje, Ål

Adresse til minnestunden

Sundre Gjestestugu, Sundrevegen 65, 3570 Ål


Kontakt begravelsesbyrået
Jølstad Hallingdal Gravferdsbyrå

32 08 23 00